Terje Våge frå Vågsvåg pendlar til jobb i Svelgen dagleg. Han ser med frustrasjon på kolonnetidene, og kan ikkje tru at Måløy-Oldeide-ferja er tatt med i betraktninga.

– Det er til dømes håplaust på ettermiddagen når eg skal heim frå jobb. Eg sluttar 15.30, og når dermed ikkje 15.30-kolonnen frå Hamnen. Så då må eg vente til 17.00. Men ferja går jo frå Oldeide akkurat då, så då må eg vente på kaia heilt til 18.15-ferja, og er ikkje heime før klokka sju, seier Våge, som meiner det er bortkasta tid.

Tapar mange pengar

Terje Våge held derfor fram med å køyre Stårheim-Isane til og frå jobb ettersom kolonnetidene høver så dårleg med Måløy-Oldeide-ferja. For han er det uansett ikkje tidsbruken ved omkøyringa som er det viktigaste.

– Dette handlar også om økonomi. Eg må no køyre dobbelt så langt kvar dag. 16 mil mot det halve om eg reiser ytre. Det er dyrt å pendle, med drivstoff og ferje. Eg brukar fleire tusen i månaden på å kome meg på jobb, seier Våge, som fortel at han har kontakta Bremanger kommune for å sjå om dei kan gå i dialog med vegvesenet.