– Ein treng ikkje stresse livet av seg for å vere sjef, og ein lærer undervegs medan ein er sjef, seier senterleiar Gro Gjerdevik.

Les meir om prosjektet «Likestilt» her.

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at det var 29.394 varehandelssjefar i Norge i 2015. Av desse var det flest menn. 15.635 av sjefane var menn, medan 13.759 av dei var kvinner.

– Alle kan vere sjef, men det er greitt å vere vanleg tilsett. Mange av oss sel produkt som damer interesserer seg for, og då er det naturleg at det er kvinner som er butikkleiarar og har tatt ansvar, seier Rita Nyland.

Nokre av dei er ferske i rolla som butikksjefar, medan andre har vore det i ei årrekkje.

Dei meiner det å vere ein autoritær leiartype ikkje har noko for seg, og er einige i at ein sjef må vere ein som er på bakkenivå og som oppmuntrar dei tilsette.

– Kvinner er samvitsfulle og tar ansvar. Kvifor ikkje ta ansvar også på jobb?, spør Nyland.

Statistikkar viser at det er fleire menn enn kvinner som går konkurs av dei som har starta verksemd. Butikksjefane på Amfi meiner damer er litt meir forsiktige av seg, og at det går betre i lengda. Men dei fortel om ein kvardag der du aldri kan vere sjuk.

– Når nokon er sjuke er det ditt ansvar, fortel Trine Bjørkedal.

Alle er einige i at det ligg mykje idealisme ved å drive butikkar, og at kvinnedagen har betydd mykje for kvinner i dag.

– Hadde det ikkje vore for kampen kvinner har kjempa tidlegare, hadde vi ikkje hatt godar som betalt permisjon, seier Nyland.

– Den gong eg fekk ungar hadde eg seks veker barselpermisjon, og så var det rett ut i jobb igjen. Og barnehageplass hadde ein berre i to år, mimrar Laila Strand Brekke.