Reagerer på sniknedlegging

Nordfjord Sjukehus
Foto: Erling Wåge
Nordfjord Sjukehus Foto: Erling Wåge

Ordførar i Eid, Sonja Edvardsen, reagerer sterkt på at Helse Førde har starta nedbygginga av Nordfjord sjukehus.

Mobil: 91180780
Publisert: 31.08.2010 kl. 16:58
Endret: 31.08.2010 kl. 17:13

ed å legge ned eit operasjonsteam ved Nordfjord sjukehus har ein i praksis starta nedbygginga av sjukehuset til eit medisinsk senter i tråd med strategiplanen

Ordførar i Eid, Sonja Edvardsen

- Eid kommune reagerer kraftig på at Helse Førde HF setter i gang gjennomføring av strategiprosessen utan at denne er vedtatt i styre i Helse Vest RHF. Endelig vedtak er ikkje venta før seint i haust eller til våren 2011, skriv Edvardsev i eit brev til styreleiar Oddvar Nilsen i Helse Vest.

”Ved å legge ned eit operasjonsteam ved Nordfjord sjukehus har ein i praksis starta nedbygginga av sjukehuset til eit medisinsk senter i tråd med strategiplanen. Dette er i sterk strid med dei føringar som er gitt frå statsråd, regjering og departement.

Helse Førde HF grunngjev nedlegginga med at det mellom anna er dårleg kapasitetsutnytting på det eine teamet. Dette er ein situasjon som Helse Førde HF sjølv har skapt gjennom tidlegare vedtak (ortopedivedtaket). Oppgåver som kunne vert gjort ved Nordfjord sjukehus er flytta til Sentralsjukehuset. Nordfjordrådet og Eid kommune påpekte denne konsekvensen i sin høyringsuttale til ortopedivedtaket utan at dette fekk gjennomslag i Helse Førde HF.

Helse Førde HF nyttar også dyr vikarbruk som argument for nedlegginga av eit operasjonsteam. Slik Eid kommune forstår saka gjeld dette fast tilsette legar i Nordsjøturnus som ikkje kostar meir enn andre ordinære tilsettingsordningar som vert nytta i føretaket. Vi ber Helse Vest RHF sørgje for at ein får klåre opp i dette.

Frå Nordfjord kan det synast som det er viktigare å betre kapasitetsutnyttinga ved Sentralsjukehuset enn å arbeide systematisk med ventelistene og ta omsyn til behovet i Sogn og Fjordane. Det er eit paradoks at Helse Førde HF slit med ventelister samtidig med at det er dårleg kapasitetsutnytting ved Nordfjord sjukehus. Nordfjord sjukehus er det einaste sjukehuset i Helse Førde HF med kompetanse innan scopering. Det er alvorleg om fylket mister dette tilbodet. Eid kommune ber Helse Vest RHF snarast ta tak i denne problemstillinga.

Eid kommune ser at delprosessar som vert kjørt har ein sterk proforma karakter. Det vil seie at kombinasjonen av tidspress og føringar frå Helse Førde HF gjer at det ikkje vert reel medverknad frå kommunane, sjølv om dette er ein føresetnad frå departementet sin side.

Internrevisjonen i Helse Vest RHF har med hjelp av Deloitte AS utarbeidet en rapport for ”Økonomistyring i Helse Førde HF” (juni 2010). Denne slår mellom anna fast at ”Mangel på heilskapeleg vurdering av tiltaka kan føre til at det oppstår utilsikta negative effektar.” Eid kommune meiner at Helse Førde HF må ta dette inn over seg og i framtida gjennomføre strategi- og omstillingsprosessar som betre tek i vare heilskapsomsyn.

Eid kommune er positiv til at Helse Førde HF no har fått midlar til investeringar og utstyr. Bekymringa er likevel sterk for at desse midlane vert bruk på tiltak i strategiplanen før den er vedtatt. Helse Førde HF har i vedtak i styresak 042/10 bedt om ca. 113 millionar til investeringar i 2010-2011. Dette inkluderer 63,5 mill kroner til ”Tilpassing og modernisering av operasjonsareal” og ”Tilpassing av sengepost/poliklinikk areal”. Motsatsen til desse investeringane er omgjering av Nordfjord og Lærdal sjukehus til medisinske senter. Helse Vest RHF kan gjennom vedtak i styresak 092/10 i møte 01.09.2010 gi Helse Førde HF midlar til å starte gjennomføring av tiltak i strategiprosessen utan at sjølve strategien er vedtatt i Helse Vest RHF. Helse Vest RHF må derfor presisere i dette vedtaket at den auka likviditeten ikkje kan nyttast til det to omtala investeringane.

Eid kommune har som vertskommune for Nordfjord sjukehus bedt om å få eit møte med leiinga i Helse Førde HF for å få ein grundig orientering om dei omstillingsprosessar som er sett i gang. Vi ber samtidig at Helse Vest RHF tar ansvar for å skape ein meir tillitsvekkande prosess.”