Ein elev måtte til legen etter ein konfrontasjon mellom fleire elevar ved Vågsøy ungdomsskole måndag.
Endret: 31.08.2010 kl. 22:29
Dette vert stadfesta av rektor Kåre Bakke.
Rektoren presiserer at dei ikkje har full oversikt, verken når det gjeld det som har skjedd i forkant eller kva som utløyste episoden i siste friminuttet på måndag.
- Så langt vi kjenner til kom basketaket i skulegarden som følgje av noko som har skjedd på fritida. Etter episoden i siste friminuttet måndag, vart ein av våre elevar sendt til lege. Vi er usikre på om eleven fekk skadane i basketaket, men vi har faste rutinar når elevane vert skadde i skuletida. Då skal dei til undersøking hos lege. Det er første gong vi opplever episodar av ein slik karakter ved Vågsøy ungdomsskule. Slik sett kom denne valdsepisoden svært overraskande og uventa på oss, opplyser Kåre Bakke.
Les heile saka i papirutgåva onsdag 1. september.

