Endret: 01.09.2010 kl. 16:15
Statens vegvesen gjennomført onsdag ein bilbeltekontroll i Vågsøy saman med politiet.
Ein bilførar på over 70 år vart stansa. Han mangla legattest, noko alle bilførarar som har passert 70 må ha med når dei køyrer
- Dersom ein ikkje har med godkjent legeattest saman med førarkortet etter fylte 70 år, vil førarkortet vere ugyldig. Føraren blir meld til politiet, og blei nekta å køyre vidare, opplyser Reidun Tryggestad i Statens vegvesen til Fjordenes Tidende.
Kontrollen varte frå kl 10.00 - 11.30 i Deknepollen og frå kl 12.30 - 14.00 på Raudeberg.
Det blei kontrollert totalt 138 kjøretøy.
Fire bilførarar fekk gebyr for å ikkje bruke bilbelte. Ein bilførar fekk gebyr fordi han ikkje hadde med seg førarkort.

