Onsdag kveld var det full brannutrykking, men heldigvis var det verken røyk eller eld.
Endret: 01.09.2010 kl. 22:12
Litt etter klokka 21.00 onsdag kveld løyste det automatiske
brannvarslingssystemet på Vågsberget i Vågsøy seg ut.
Det var ikkje folk på anlegget, og dermed vart brannvesenet i Vågsøy sendt ut.
Sveinung Reksten er tilsett i Kystmuseet i Sogn og Fjordane, som driv museet i Vågsøy. Han var i området, og var med på å sjekke heile anlegget saman med folk frå Vågsøy Brann- og Redningsvesen.
Det synte seg at det var falsk alarm, og brannvesenet kunne dermed returnere.
- Eg reknar med at ein sensor hadde løyst seg ut, og at det var årsaka til at alarmen gjekk. Men heldigvis var det ingen brann, seier Reksten til Fjordenes Tidende.

