Sirkus i grøfta...

Utfor: Ein av bilane til Cirkus Zorba køyrde av vegen ved Klungreset i Bremanger.
Foto: Åge Senneset
Utfor: Ein av bilane til Cirkus Zorba køyrde av vegen ved Klungreset i Bremanger. Foto: Åge Senneset

På den smale og svingete vegen vart det salto i grøfta...

Publisert: 02.09.2010 kl. 23:35
Endret: 03.09.2010 kl. 01:13

Ein av bilane til Cirkus Zorba køyrde av vegen, og vart liggande på sida ved Klungreset i Bremanger torsdag morgon.

Etter det Fjordenes Tidende får opplyst av ein tilsett ved sirkuset, skjedde uhellet i møte med ein personbil. Det tunge køyretøyet kom altfor langt utfor vegkanten og la seg over på sida.

Det vart to personar i bilen som hamna i grøfta, men ingen av dei vart skadde.

Bilen vert nytta som bustad til åtte av dei tilsette ved Cirkus Zorba, og dei fryktar at uhellet førte til at personlege eigendelar som TV, Pc og kamera har fått skade etter utforkøyringa.

For å få køyretøyet tilbake på vegen måtte det kranbil til.

Kart