Sjark på grunn

Ein sjark gjekk på grunn, og måtte slepast til land. Om bord var det ein rusa båtførar.

Det var rundt midnatt, natt til laurdag, at politiet fekk melding om ein sjark som hadde gått på grunn ved Leirvikneset i Svelgen.

Hovudredningssentralen var varsla, og dei sende ut redningsskøyte.

Båten vart trekt av grunn, og slept inn til Dyrstad.

Det var ein liten lekkasje ombord i sjarken.

Alkotest av båtføraren i 40-åra synte at han var rusa.

Han vart framstilt for blodprøve, og politiet vil etterforske om det er grunn for reaksjon mot mannen, opplyser Sogn og Fjordane Politidistrikt.