Hamna på eit skjær

Den nattlige båtturen enda på eit skjær. Politiet har mistanke om promille.

Klokka 02.40 gjekk ein fritidsbåt på grunn ved Leikanger i Selje kommune.

Etter ei tid klarte båtførar i 30-åra å få båten av skjæret med eiga hjelp, og kom seg inn i båthamna.

Der tok Politiet hand om båtføraren.

Han vart framstilte for blodprøve då ein mistenkte han for å ha ført båten i rusa tilstand.