Natt til søndag så mista ein bilførar i 30 åra førarkortet etter at han hamna utfor vegen.
Klokka 01.12 natt til søndag fekk politiet melding om at ein bil hadde køyrt utfor vegen på Fv 620 ved Fløde på Stadlandet.
Det var ikkje meldt om personskade, men det var mistanke om at førar var rusa.
Politiet fekk etter kvart kontakt med bilføraren i 30 åra.
Han vart framstilt for blodprøve.
Førarkortet vart inndrege og saka vert etterforska.

