Vil stoppe sentralisering

Fylkestingsrepresentant Gunnvor A. Sunde frå Gloppen har heilt sidan ho melde seg ut av Arbeidarpartiet på grunn av sentralisering og svik i sjukehussaka signalisert at ho ville kome med eit nytt politisk alternativ.

No er alternativet stabla på beina og namnet på partiet vart Samfunnsdemokratane.

Sunde fortel at partiet i alle fall kjem til å stille liste i Gloppen og at det vil bli laga ei liste til fylkestingsvalet i haust.

Som Gunnvor A. Sunde melde også Ottar Nygård, etter 33 års medlemskap, seg ut av Ap på grunn av at fleirtalet i fylkestingsgruppa til ap røysta for å legge ned lokalsjukehusa i Sogn og Fjordane.

Nygård møtte Sunde i Selje denne veka, men reknar det som lite sannsynleg at Samfunnsdemokratane får ein avleggjar i selje, i denne omgang.

– No vert dette opp til møtet i kveld, men vi har heile vegen jobba for eit tverrpolitisk alternativ, seier Nygård.

Han legg likevel ikkje legg skjul på at det vil vere Samfunnsdemokratane og deira representantar på fylkestinget som vil vere naturlege samarbeidspartnarar for den tverrpolitiske lista i Selje.

Les heile saka i papirutgåva fredag 18. mars.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende

Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå