Arrangørane fornøgd med besøkstalla

Nyheter

Inn i mellom fem- og sekskeipingar, fiskebåtar, salsbuer, tørrfisk og reker var hårshowet ein av tinga som skapte entusiasme under kystkulturstemnet i Kalvåg laurdag.

Kalvåg Kystlag, Haugefisk Venner og Knutholmen AS stod saman om å arrangere stemnet i Kalvåg, der målet var å vise fram den mangfaldige kystkulturen.

Svein Inge Fosse, vert ved Knutholmen estimerer rundt 3.000 besøkjande på kystkulturstemnet i helga og er godt nøgd.

– Det har gått heilt fantastisk, vi har fått så mykje positive tilbakemeldingar. Vi har hatt eit flott frammøte, og at folk er så positive og imøtekommande er veldig kjekt. Vi får sjå kva vi klarer til neste år, seier Fosse.

Les hele saken i papirutgaven mandag 8. august.