Kåra til beste fotograf

Fotograf i avisa Firda i Førde, Bent Are Iversen er kåra til "Årets fotograf" i A-pressen for andre året på rad.

Iversen er opprinneleg frå Raudeberg og Vågsøy, men bur no i Førde.

Prisen vart delt ut på toppleiarsamlinga i Amedia som er det nye namnet på konsernet etter samanslutninga mellom A-pressen og Edda Media.

- Veldig kjekt, og meir overraskande no enn førre gong. For dette hadde eg ikkje venta, lynet slår liksom ikkje ned på same plassen to gonger, seier Iversen til Firda .

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende

Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå