Fordi vêret var dårleg så blei heile mannskapet på 14, som var om bord i autolinebåten Kamaro frå Selje, evakuert fredag.

Det var tysdag at maskina om bord i Kamaro stansa under fiske ved Bjørnøya. Linebåten Stattegg slepte på båten til onsdag. Då var veret så dårleg at dei tilkalla kystvakta, som overtok slepet.

Les også: Til lands med motorhavari

Fredag i middagstida var båten framleis 20 nautiske mil frå land, og på grunn av dårleg vêr med kraftig vind og høge bølgjer, så gjekk slepet seint.

Stig Ervik, i reiarlaget Ervik Havfiske som overtok båten før denne turen, seier til Fjordenes Tidende at dei no er opptekne av å få mannskapet på trygt land. Desse blei fredag i middagstida evakuert over i eit redningshelikopter, og frakta inn til Hammerfest.

- Vi tenker tryggleik, og difor blir alle evakuert. Vi håpar likevel at dei klare å berge båten inn til land, seier Ervik.

Like før dei to siste skulle evakuerast frå båten, så rauk sleparen.

Fordi det var høge bølgjer så måtte mannskapet hoppe i sjøen for å bli plukka opp. I det dårlege vêret så var det ein dramatisk redni9ngsaksjon.

To kystvaktskip ligg ved havaristen, og har som mål å prøve å berge båten som fredag ettermiddag dreiv rundt utan mannskap om bord.

Om bord i linebåten er det ca hundre tonn fisk.

Tre av mannskapet er frå Selje. Seks er utlendingar, og av desse er fem frå Færøyane. Resten av mannskapet er frå andre deler av Norge.

Ervik seier alle som var om bord har det greit.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende