For nokre av mannskapet på Kamaro  vart feiringa etter den dramatiske redningsaksjonen i Barentshavet vel fuktig.

Les også: Alle om bord er berga

Politiet i Hammerfest skriv i sin logg at dei i løpet av natta hadde problem med nokre av mannskapet på fiskebåten frå Selje.

Ein vart arrestert då han nekta å forlate utestaden On i Hammerfest, melder vaktsentralen ved Vestfinnmark politidistrikt

Patruljen såg seg nøydde til å bruke peparspray.

ON vil melde denne personen for skadeverk, og ei dørvakt kan vere skada i samband med det som skjedde.

Personen vart sett i arresten, og blir laurdag avhøyrt av politiet.

Ein annan av mannskapet frå båten vil bli meld for og ha starta opp ei gravemaskin rett utanfor politihuset i Hammerfest.

Midt på natta sat han i gravemaskina og svinga den rundt og prøvde å grave då politiet kom ut. Begge kan vente seg ein reaksjon frå politiet.

Stig Ervik i Ervik Havfiske, som eig Kamaro, kunne ikkje laurdag morgon kommentere kva som hadde skjedd med mannskapet om natta.

- Eg har snakka med skipparen no i morgontimane. Han visste ikkje kva som har skjedd med dei to. Det eg kan seie er at mannskapet hadde ei svært dramatisk oppleving då dei vart berga frå Kamaro fredag ettermiddag, seier Ervik til Fjordenes Tidende.

Han er glad for at det gjekk bra med alle som var om bord, og at alle kom frå det heile utan skade.

- At enkelte etter dette feira litt for mykje, må ein kunne leve med. Det var nok ikkje så lurt å starte opp ei gravemaskin like utanfor politihuset midt på natta når ein er på fest, seier Ervik til Fjordenes Tidende.

- Får håpe dei betalte festen sjølve, seier Ervik litt spøkjefullt.

Han seier at det var ingen av dei tre blant mannskapet som er frå Selje som var i klammeri med politiet.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende