Skipperen på autolinebåten Statthav frå Selje ligg alvorleg skadd påsjukehus i Tromsø etter ei alvorleg fall-ulukke natt til måndag.

Statthav er ein av båtane til Ervik Havfiske på Stadlandet. Båten varinne i Tromsø og lossa då uhellet skjedde natt til måndag.

Stig Ervik i Ervik Havfiske sa måndag ettermiddag til Fjordenes Tidendeat situasjonen for mannen er svært alvorleg.

- Dette var ein av dei mest erfarne og dyktige folka eg har. Etter det eghar forstått så skal mannen ha ramla i leideren, og hamna i sjøen mellom båten og kaia.Akkurat kva som har skjedd, kan eg ikkje seie noko om endå, sa Ervik til Fjordenes Tidende måndagettermiddag.

Stig Ervik vart varsla om ulukka klokka 01.00 natt til måndag. Han vardå i Russland. Måndag morgon tok han første fly til Tromsø for å finne ut kva som harskjedd, og for å besøkje den skadde og ta seg av mannskapet.

Ervik fortel at den næraste familien også er komen til Tromsø.

Ervik seier politiet har vore ute ved båten, og dei ser på det heile som eitt uhell.

Han håpar det går bra med den skadde frå Selje.

- Den skadde er i dei beste hender. Han kom raskt til behandling, og dei påsjukehuset gjer det dei kan. Og så lenge det er liv er det håp, sa Stig Erviktil Fjordenes Tidende måndag ettermiddag.

Det var ifølgje avisa Nordlys styrmann Jørn Kiltorp på hurtigruteskipet MS Nordnorge som oppdaga kva som skjedde. Han såg mannen falle i sjøen, og sprang til og var med på å få mannen opp på kaia saman med andre som kom til.

Mannen frå Selje var livlaus då han vart plukka opp.

Måndag kveld låg Statthav, som hadde eit mannskap på 14, framleis ved kai i Tromsø.

Etter planen skulle båten ha gått på feltet måndag morgon. Ervik viste ikkje måndag ettermiddag kva som skulle skje vidare med båten og resten av mannskapet.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende