Tysdag 2. april vart namnet på personen som mista livet i ulukka i påska slept fri.

Det var den 49 år gamle Anna Cieslak frå Polen som mista livet i den tragiske trafikkulukkapå Rv 15 ved Bryggja på skjærtorsdag.

Kvinna var førar av den eine ulukkesbilen, og døydde på staden avskadane ho fekk i kollisjonen.

Ho var polsk statsborgar, og etterlet seg seks barn.

Ho budde i Måløy og har vore tilsett i eit lokalt firma der sidan august 2009.

Dei to andre som var involvert i ulukka var også utanlandskestatsborgarar som budde og arbeidde i Vågsøy.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende.