Fylkeskommunen har innstilt Firda Billag til kontrakt for å driftebussrutene i Selje, Vågsøy, Eid, Hornindal og Stryn frå 23. juni 2014, melderSogn og Fjordane Fylkeskommune på sine nettsider.

Det betyr at Nettbuss Nordfjord-Ottadalen sine bussar ikkje lengre blir å sjå i faste ruter i desse kommunane lengre.

Nettbuss Nordfjord-Ottadalen og Tide Buss leverte også tilbod, ogtildelinga skjer til den som har lågast pris.

Tilbodet frå Firda Billag var på 53 249 700 kroner, medan NettbussNordfjord-Ottadalen ville drifte bussrutene for 53 775 120 kroner og Tide Bussfor 53 882 855 kroner.

Kontrakten på bussrutene gjeld frå 23. juni 2014 til 19. juni 2022 ogkan forlengast med inntil to år.

Kontrakten vert inngått etter at klagefristen for dei to andreoperatørane har gått ut. Eventuelle klager frå Nettbuss og Tide må kome innanmåndag 29. april 2013.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende.