Randi Paulsen Humborstad ber det lokale næringslivet prioritere Kystvegkonferansen «Treffpunkt Gullkysten».

– Dette er ein unik moglegheit for næringslivet til å påverke regionale og nasjonale politikarar, seier Paulsen Humborstad om samlinga som går av stabelen 29. og 30. april i Florø.

«Kystvegen skal bygge ein ny landsdel. Kystvegen er det viktigaste tiltaket for å få til ei positiv nærings- og folketalsutvikling i kystregionen frå Sunnmøre til Nordhordland. Vi seier som kystvenn Victor Norman: «Norge må byggje ein ny landsdel på Vestlandet, skriv arrangør bak kystvegkonferansen, Kystvegen Ålesund–Bergen i ei pressemelding.

Randi Paulsen Humborstad, meiner at næringslivet i Måløy må vere med på å påverke den framtidige næringsutviklinga.

– Næringslivet må kjenne si besøkelsestid, og det er særleg viktig at dei møter i år, sidan den regionale transportplanen skal vedtakast politisk no i desember. Særleg for næringslivet i Måløy har det mykje å seie om ein får til Kystvegen Måløy-Florø. Å kutte reisetida både til Florø og til Førde med ein time er ein stor forskjell, meiner ho.

Nødvendig supplement

I ei pressemelding skriv arrangørane at «Treffpunkt Gullkysten» handlar om å bygge eit sterkt Vestland, med ein arbeidsmarknad som konkurrer med meir sentrale strøk av landet. Med betre vegar og redusert reisetid byggjer vi større og sterkare regionar, som klarer å halde på næringslivet og arbeidskrafta, og dermed blir attraktive stader å bu og arbeide.

Kystvegen er eit heilt nødvendig supplement og eit alfa og omega for den tunge industrien som ligg langs kysten, og for at industrien skal tore å satse. Med eit vitalisert næringsliv vil vi få ei samfunnsutvikling som vil vitalisere bu- og arbeidsutviklinga på vestlandskysten. Med kystvegen vil effektiv pendling innanfor regionen gjere det lettare å skaffe kvalifisert arbeidskraft.

Konkurransefaktor

Styrking av konkurransekrafta er nødvendig for å halde oppe og motivere til nye investeringar i det regionale næringslivet. Kystvegen er ein avgjerande konkurransefaktor for næringslivet frå Ålesund til Bergen. Kystvegen er viktig både som effektiv transportåre for heile kysten, men også som ledd i å binde saman mindre regionar til større bu- og arbeidsområde. Effektivitet og tempo er avgjerande når både folk og varer skal forflyttast. Skal vi klare oss i framtida må menneska vere mobile. Kystvegen vil gje store ringverknader for miljø, næringsliv og folk langs kysten, skriv arrangørane i pressemeldinga.

Under kystvegkonferansen Treffpunkt Gullkysten 30. april, vil mellom andre professor Victor Norman, stortingsrepresentant Svein Gjelseth og stortingsrepresentantar frå fleire parti vere til stades og snakke om bygging av den nye landsdelen.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende.