Fleire hundre tok turen til Bortnen i Bremangerfor å sjå fylkesordførar Åshild Kjelsnes klippe snora som offisielt opnaBremangersambandet 2.

Små og store hadde møttopp for å feire opninga av den nye vegen, og med det starten på ei ny tid forBremanger kommune. Ytre og indre vart knytt saman via ein 4,8 kilometer langtunnel frå Bortnen til Sørdalen. I tillegg gjer  7 kilometer ny veg med gulstripestandardfrå Kolset til Bortnen livet mykje enklare for bilistar i Bremanger.

Fylkesordførar ÅshildKjelsnes (Ap) som offisielt opna den nye vegen fokuserte i si tale på at jamvelom dette er ein lokal veg som gjev nye moglegheiter for lokalbefolkninga, erden også eit viktig bindeledd for all kommunikasjon på kysten.

– Bremangersambandet erein nødvendig del av Kystvegen Måløy-Florø, og Sogn og Fjordane er ikkjeferdigbygd før sambandet langs kysten er på plass, sa Kjelsnes.

Ho uttrykte glede over atein no er eit steg nærare målet om ein kystveg frå Ålesund til Bergen sjølv omdet er mange etappar som gjenstår.

– Ei viktig brikke er påplass for å skape eit større bu- og arbeidsområde. Vi vil at folk skal få kunnebu, arbeide og leve livet sitt i det flotte fylket vårt, sa Kjelsnes, og takkaalle som har bidrege frå planleggingsstadium til realisering.

– Dette blir ein heilt nykvardag som opnar mange nye moglegheiter, sa ordførar Karl Vidar Førde (Sp).

Han håper på auka bulystog folketal som følgje av at den nye vegen gjer det enklare å bu i Bremanger.

– No er det berre 15-20minutt frå Rugsund til kommunesenteret Svelgen, sa han.

Førde trekte også frampositive ringverknader for nabokommunane, som også får endrakommunikasjonsmønster.

På arrangementet i Bortnendeltok Flora Bremanger Brassband, for anledninga med eigekomponertBremangerfanfare, Kulturskulen i Bremanger, ein fekk høyre frå tidlegareordførarar som har kjempa for vegen, og  Statens vegvesen ogentreprenørane gav oss eit innblikk i korleis det har vore å bygge vegen deisiste tre åra. Konferansier var Henning Rivedal.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende.