Alle naudetatane rykte cirka klokka 13.30 ut til ei bilulykke på Kråkenes i Vågsøy kommune.

Politiets operasjonssentral kan melde om at det er ein personbil som har køyrt av vegen.

Det skal vere fire personar i bilen og ein eller fleire av personane er skadd.

Ulykka skal ha skjedd litt før klokka 13.30 og det skal ikkje ha vore andre køyretøy involvert.

Politiet har foreløpig ikkje meir informasjon å komme med.