– Det er ei voldsom tillitserklæring, seier Geir Arne Solheim i Havkraft, som no kan byggje ein fullskala prototype av bølgjekraftteknologien han har utvikla.

Etter at Innovasjon Norge no har tildelt Havkraft AS 4,5 millionar kroner, er finansiering til å byggje ein prototype av bølgjekraftteknologien med ein prislapp på 10 millionar i boks.

– Dette er noko som eg har jobba ekstremt hardt og mykje med. Det har nesten vore heilt umogeleg, seier administrerande direktør Geir Arne Solheim i Havkraft AS.

– Kampen er at vår teknologi skal bli standarden for bølgjekraft, seier Solheim.

Bølgjekraftkonverteren han har funne opp heiter Evolver og tar kraft frå bølgjer og gjer den om til anvendbar energi, meir effektivt enn med dagens teknologi.

– Eg brukar å samanlikne det med ein radio og radiobølgjer. Eit vanleg bølgjekraftverk tar inn bare P1, medan denne vil tune inn på alle frekvensane og dermed ta inn alle kanalane. Og det med ein passiv design utan bevegelege delar i kontakt med sjø. Det forklarar kor mykje meir effektivt det er. Ein får billegare konstruksjonar med lang levetid og høgre inntekter gjennom større energiproduksjon gjennom levetida, seier han.

Les heile saka i papirutgåva måndag 5. august.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende.