Detvar stor jubel då vinnarane av eldsjelprisen vart heidra på den årlegeIA-dagen.

Deistolte eldsjelene er Anne Karin Gillesdal frå Fjordly barnehage på Bryggja iVågsøy, Marit Horntvedt frå Gotatoppen bufellesskap i Gloppen kommune, og TineMeieriet si avdeling på Byrkjelo.

Eldsjelprisenvert kvart år delt ut av IA-Rådet, i år representert ved Arvid Langeland, fråLO og Marit Gjerstad frå NHO.

Prisengår til to personar og ei verksemd, som aktivt bidreg til eit godt oginkluderande arbeidsmiljø.

Kvardagsheltar

AnneKarin Gillesdal, pedagogisk leiar ved Fjordly barnehage, fekk rosande omtalesom ein imøtekomande, inkluderande og raus person overfor alle påarbeidsplassen.

MaritHorntvedt, leiar ved Gotatoppen bufellesskap i Gloppen, får skryt for å ta sinearbeidarar på alvor, og for å vise omsorg for alle. Resultatet er eit sværtgodt arbeidsmiljø der alle dreg lasset i lag.

Fråfråvær til nærvær

TineMeieriet i Byrkjelo sitt prosjekt, «Frå fråvær til nærvær», i samarbeid med NAVog Bedriftshelsetenesta, har mellom anna halvert sjukefråværet i verksemda .Hjå Tine står omgrep som medverknad og ansvar sentralt.

Åretseldsjeler vart heidra av ein fullsett sal under IA-dagen.  Arvid Langeland takka for innsatsen og ynskteeldsjelene lukke til vidare med deira arbeid for eit meir inkluderandearbeidsliv.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende