NRK Sogn og Fjordane følgde sambandsøvinga; både med radio og tv. Her blir Knut Strøm frå Norsk Radio Relæ liga (NRRL) intervjua av Eldgrim Fossheim.

NRK Sogn og Fjordane følgde sambandsøvinga; både med radio og tv. Her blir Knut Strøm frå Norsk Radio Relæ liga (NRRL) intervjua av Eldgrim Fossheim.

Amatørar skal hjelpe til ved kriser

Norsk Radio Relæ liga (NRRL) og beredskapsstyresmaktene i Sogn og Fjordane hadde ei vellukka øving denne veka.

Spesielt under juleorkanen Dagmar så vart samband ei stor utfordring.

 

Der vart sambandsutstyret testa. Den viser at radioamatørane vil kunne ha ei viktig rolle dersom det oppstår større feil i det ordinære telenettet, t.d. som følgje av uvêr.

 

I tillegg til å etablere ein sambandsstasjon på Statens hus i Leikanger, hadde radioamatørane stasjonar på politihuset i Florø, på sentralsjukehuset og NRK-bygget i Førde, i sivilforsvaret sitt bygg i Sogndal, i SFE-bygget på Sandane og på Nordfjord sjukehus. Undervegs var det merkbare utfordringar på grunn av elektronisk støy i bygga og atmosfæriske forhold, men det var likevel fullt mogleg å snakke saman.

 

- Fylkesmannen ønskjer å halde fram den gode kontakten med radioamatørane. NRRL har lovd å sende jamlege oversyn over aktive radioamatørar som kan hjelpe til dersom situasjonen gir grunn til det, opplyser beredskapssjef hos Fylkesmannen, Håvard Stensvand.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende

Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå