Alle naudetatane er på staden for katastrofeøvinga som pågår inne i tunnelen på vegen mellom Måløy og Raudeberg i kveld.

Scenariet som møtte naudetatane var ei møteulykke med ein minibuss og ein personbil, midt inne i tunnelen.

Brannvesen, politi, ambulanse, Røde Kors og kommunen si kriseleiing deltek i øvinga. Også elevar frå Måløy vidaregåande skule deltek og hjelpekorpset har vore sminkørar på førehand.

- Det er den største øvinga vi har hatt på i alle fall 10-15 år, og vi gjer alt vi kan for at den skal vere så realistisk som muleg, har brannsjef Helge Hjelle tidlegare uttalt til Fjordenes Tidende.

Statens vegvesen har gitt tillatelse til å stenge fylkesvegen i to timar måndag kveld, frå klokka 18.00 til øvinga skal vere ferdig klokka 20.00.

Vegen vil bare bli opna i naudstilfelle.

Les alt om katastrofeøvinga i papirutgåva onsdag 26. april.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende