Bygdefolket på Barmen hyller mannskapet på den godtover 40 år gamle ferja Barmøy som sørgjer for at dei kjem seg til og frå øya.

– Dette er den einaste ferja som går i allslags vêr,seier Olaug Wold. Ho er på overfart med bilferja Barmøy. Saman med AudnyGrytten Myklebust og to barn har ho funne plass i salongen om bord for å blifrakta ut til Barmen.

Dei to damene har reist fram og tilbake over Barmsundet i mange år.

– Til og med når vi må opp om natta og skal føde, så går ferja, seier Olaug. Ho legg til at fødselen for det siste barnet rett nok klaffa med den vanlege rutatil ferja.

– Ja, vi prøver å vere fleksible når passasjerane har praktiske utfordringar,seier skippar Stig Evjen, som om den uvanleg gode servicen er sjølvsagt.

Tredje eigar av ferja

Det var i 2004 at Barmøyferja AS kjøpte ferja som var bygd ved Leirvik Sveis i1970. Fartøyet har tidlegare sigla under namna Lærdal (då eid av Fylkesbåtane iSogn og Fjordane) og Flatøy (Troms Fylkes Dampskibsselskap).

Stig Evjen har køyrt den 26 meter lange bilferja i seks-sju år, og det er ikkjemange gongar at ferja har stått vêrfast.

– Men det skjer med oss òg. Eg trur vi har innstilt to-tre gonger, seierskipperen.

Service

OlaugWold hugsar godt ein av gongene det skjedde.

– Då steikte mannskapet pizza til oss. Det var så stygt vêr at gardinene iventilen stod rett ut, fortel ho.

Dei to blide passasjerane, Olaug og Audny, rosar mannskapet for ein veldig godservice. Og det er ikkje berre fordi ferja ventar når dei ringer og seier atdei kjem litt for seint til ein avgang.

Etter Dagmar, då øya var straumlaus i fleire dagar, fekk folk gå om bord ogbruke komfyren og hente seg varmt vatn. Det er nesten ingen ende på dei godehistoriene om hjartevarmen om bord. Sist var det båthamnelaget som fekk hjelp,då dei fekk halde møtet sitt på ferja.

– Dei stiller alltid opp, og dei er alltid hyggelege og trivelege, seier OlaugWold om mannskapet på ferja som trafikkerer Barmsundet kvar dag.Bestill abonnement på Fjordenes Tidende