- Vedtaket i dag om å velje HAFAST om Hareid i Møre og Romsdal er detviktigaste som er hendt for kystvegen så langt, seier ein glad Bengt Solheim –Olsen. Han er ordførar i Flora og styreleiar i Kystvegen Ålesund –Bergen.

Han er saman med sin ordførarkollega i Hareid, Anders Riise i Hareid,som også er styremedlem i Kystvegen er godt nøgd med vedtaket:

- For Hareid og omlandet er dette det viktigaste samferdselvedtaket nokonsinne og inneber ein ny glød for både næringslivet og innbyggjarane. Vedtaketgjev og eit vesentlig bidrag til regionforstøring og halde på ungdomane våre. Noer det viktig å ikkje stanse her, men løyve tilstrekkelig med planmidlar oggjennomføringskraft bak vedtaket, seier Riise.

Dette er Kystvegen sitt kart

Dei meiner vedtaket om å føre E39 over Hareid med sikte på eit framtidig HAFAST erklokt og framtidsretta.

Denne løysinga vil samletrafikken frå E39 og kystvegen på ei felles fjordkryssing, noko som vil gistørst nytteverdi av ei ferjefri fjordkryssing.

Ferjefritt samband over Sulafjorden vil samle Sunnmørsregionen og koplesaman det maritime industrimiljøet på Søre Sunnmøre med Ålesund og kommunanerundt Ålesund, seier Riise.

For næringsliv ogkystkommunane lenger sør vil HAFAST bety kortare og raskare veg til Ålesund, ogpositive ringverknader kan spreie seg til kystregionen i Sogn og Fjordane,meiner dei to.

Som kjent blir detarbeidd med fjordkryssingsprosjekt både på Rovdefjorden og ytre Nordfjord somsaman med HAFAST vil gi ferjefri kystveg frå Ålesund til Florø.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende