I år som siste åra såblir det gratiskonsert i Eid sentrum under Malakoff Rockfestival.

- Gratiskonserter blirarrangert i samarbeid med NRK med radioprofilen Ronny Brede Aase somprogramleiar, opplyser Arnt-Ivar Naustdal som er sjef for MalakoffRockfestival.

Dei som blir med her er:

Tripod,Boka, Line, Odd Erik Lothe, Arnt Herman Hagen, Silje Søgnesand og Håvard EndalHusevåg.

Slik omtalar MalakoffRockfestival artistane til Sommarlutt.

BOKA er frå Nordfjordeid og leverer noko av det mest spennande på musikkfronten iSogn og Fjordane nett no. Dei leverer «Instant Tropicana» gjennom ei herlegblanding av ulike sjangerar frå jazz til elektronika. Desse gutane har vorebestevener sidan barnehagen, laga musikk saman sidan ungdomskulen og spelt iband saman sidan vidaregåande.

To av dei er profesjonelle musikarar som spelarfast med band som Razika, Ytre Suløen og Mugu Enseble. Dei tre andre harbakgrunn som produsentar og Dj-ar. Bandet har fått radiospeling både i NRK og istudentradioane, og blant anna vunne den nasjonale musikkonkurransen 4SoundDemotape og er anbefalt av NRK Urørt. I b0ka finn du EspenBjørlo Mellem, Bjørnar Sira, Andreas Rotevatn, Endre Øsleby og Morten SmithLien.

LINE

Line Dybedal frå Selje er i full gang med åbygge sin eigen spennande solokarriere med base i Bergen. Saman med bandet ThePink Robots vart ho årets urørt på NRK P3 i 2010, men står no på eigne bein.Line er allsidig musikalsk, og har hatt fleire låtar inne på listene tilNRK-P1.

Med sitt nye soloprosjekt leverer ho synthbasert pop med lekkertinnslag av elektronika. Låta «Puppet Master,» som kom i vår er produsert avMorten Abel med ein spenstig video signert Bjørn Myreze.

TRIPOD

Tripod startet karriera si påNordfjordeid, men har no etablert seg som ein del av musikkmiljøet i Trondheim.Dei har gjeve ut platene «Nevermind This Black Album» og «Four Coins,» som vartgodt tatt imot av publikum rundt om i Norge. Eit av høgdepunkta til bandet varein større turne i Kina.

Det nye albumet vert omtala som sterkt, melodiskog hardtslående med sterkare låtar enn nokonsinne. Under Malakoff vil bandetsleppe sin første singel frå det nye albumet!

ODD-ERIK LOTHE

Odd- Erik Lothe er etter kvart blitt einveteran blant musikarane frå Sogn og Fjordane, og har bak seg ein imponerandekatalog med sterke låtar. Han starta karrieren sin i banda «To levande og eindød» og «Fabel.» No har han skapt sin eigen solokarriere med bandet Lothe, oghar hatt ei rekke låtar inne på A-lista til NRK P1.

Lothe kjem frå Kjølsdalen,og fekk i november oppleve å framføre musikken sin på heimebane i OperahusetNordfjord saman med Kringkastingsorkestret. Med seg til Malakoff har Lothe dennye friske sommarsingelen sin.

ARNT HERMAN HAGEN

Skuledagen endra seg ganskedrastisk for Arnt Herman Hagen då det tikka inn ei tekstmelding midt iøkonomitimen, med spørsmål om han kunne spele i P3 si direktesending fråheimbygda Nordfjordeid. Han sa sjølvsagt ja! P3 sin musikksjef, Marie Komissar,høyrde han og vart imponert over den unge musikaren.

Den gongen leverte han eincoverversjon av John Mayer, men no har han laga musikk sjølv og sett saman sitteige band. Deltakar i Malakoff Demokonkurranse.

SILJE SØGNESAND

Silje Søgnesand ervokalist og låtskrivar, opphavleg frå Gudvangen i Sogn og Fjordane, no busett iMolde. Ho har vore aktiv som vokalist sidan 2006, anten aleine eller saman medforskjellige band og duoar. Våren 2011 byrja ho for alvor å skrive eigne låtar,og har sidan då jobba med å spele inn og framføre sitt eige materiale.

Låtmaterialet speglar den allsidige bakgrunnen hennar, og kan best skildrastsom pop/fusion. Saman med band har ho jobba med å finne det perfekte utrykkettil stemma, tekstane og melodiane. Den første utgjevinga, “Stop, play, pause”,kjem i mai 2014. Deltakar i MalakoffDemokonkurranse.

HÅVARD ENDAL HUSEVÅG

Håvard er plukka ut som åretsUKM-artist. Hans draum er å bli profesjonell musikar, og turnere i inn ogutland. Han har i fleire år delteke på Ungdomens kulturmønstring, og kom i fjorvidare til landsmønstringa, noko han omtalar som dei kjekkaste og mestinspirerande døgna han kan hugse.

Han starta å spele piano då han var sju, oger i dag ein del av talentprogrammet til Gloppen kulturskule. Han harmusikalske forbilder som Jarle Bernhoft og John Legend, men på NRK Sommarluttpresenterer han sin eigen låt åleine på scena med gitar og loop-maskin.

RONNY BREDE AASE

Programleiar for NRK Sommarlutt er Ronny BredeAase. Han er ein av dei mest kjende  radiostemmene i Norge, og har fått eirad med prisar for sin måte å vekke opp Norge på.

Gjennom sin friske oginkluderande stil har Ronny fått ein heil generasjon unge radiolyttarar til åglede seg til å stå opp saman med NRK P3. Han har også gjort store TV-prosjekt,som programleiar for VG-lista på Rådhusplassen i Oslo.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende