Ti år et­ter at han vart frelst har Rune Lang­sethgått frå å mik­se drin­kar til å skjen­ke al­ter­vin i Sør-Vågs­øy kyrkje.

–Heilt vanvitig, sei­er han sjølv om livsendringa.

45-år­in­gen bur i dag i Mål­øy med kone og dot­ter.Der trivst han i job­ben som bar­ne- og ung­doms­prest i Vågs­øy.

– Eg får lov å for­tel­je folk om Je­sus og kva han har gjort for dei. Og egsynest det er utruleg stort dersom mine ord og hand­lin­gar, li­vet mitt, kanbi­dra til at menneske oppdagar at Ska­pa­ren av him­mel og jord er glad i dei.

Det er nok ein bod­skap ein ik­kje had­de ven­ta om ein had­de følgt trøn­de­reni tid­le­ga­re i li­vet.

På lei­ting

Rune Lang­seth had­de ein heilt nor­mal opp­vekst iTrond­heim med gode for­eld­re og ei sys­ter. Men han var ein rast­laus gut­un­ge.

– I dag min­nest eg ei uro­leg sku­le­tid, med my­kje gren­se­prø­ving. Eg for­stodik­kje då at eg var på lei­ting et­ter iden­ti­tet, eit sjølvbilde.Rune vil­le kvit­te seg med autoritetar og gjekk eigne ve­gar.

– I 7. klas­se såg eg in­gen po­eng ved å ha kris­ten­doms­un­der­vis­ing. Egvar av dei fyrs­te ele­va­ne i Norge som fekk inn­vil­ga al­ter­na­tiv un­der­visingi re­li­gi­on. Det var mitt fyrs­te tydelege opp­rør mot kris­ten­trua.

Ras­ke skif­ter

Sjølv­sagt val­de han bor­gar­leg kon­fir­ma­sjon, og fann fort ut at han for­nek­taGuds ek­sis­tens.

– I prak­sis var eg ate­ist, utan at eg kal­la meg det. Ei hald­ning eg had­delangt ut i vak­sen al­der.

Sø­king et­ter eit el­ler anna heldt fram som ung­dom og ung vak­sen. Rune sloseg ik­kje til ro med noko, skif­ta fort både ar­beid og ven­ner. Heldt ut påfol­ke­høg­sku­le eit halvt år. Prøv­de der­et­ter på vi­da­re­gå­an­de, menslut­ta.

– Eg had­de ik­kje ro og mo­ti­va­sjon for noko. Eg fann ut at det var gøy åvere på fest, og veks­lan­de ar­beid av kort varigheit skaf­fa meg pengar.

Byg­de seg opp

Det yr­ket som gav mest vart som kel­ner i heim­by­en Trond­heim, så vart detOslo med nytt ven­e­mil­jø i res­tau­rant­bran­sjen. Fyrst som kel­ner, sei­na­rehovmeister.

– Eg lik­te ar­bei­det, gjestene var til­freds og kol­le­ga­e­ne lik­te meg.Det gav sjølv­til­lit og innhald i li­vet. Li­ke­vel kjen­de eg på ein grunn­leg­gjan­detomheit.

Det sto­re ved sidan av job­ben var tre­ning og kropps­byg­ging.

– Det var noko eg be­hers­ka, eg fekk sjå re­sul­tat i form av ein vel­tre­nakropp og livs­sti­len gav mei­ning. I man­ge år var eg opp­te­ken av klede ogut­sjå­nad. Ima­ge. Kor­leis eg vart opp­fat­ta.

I kris­tent mil­jø

Rune ham­na et­ter kvart bak bar­dis­ken og miksa drin­kar, og treivst sværtgodt med sta­tu­sen det gav.

– Blant anna vart eg sjef på ein av dei hottaste ute­plas­sa­ne på Grünerløkka.Då var lyk­ka nådd for meg.

Så møt­te han nok­re som song i krist­ne kor og gjekk i menigheiter, og Runevart mel­lom anna med på lei­rar og lik­nan­de.

– Frå å vere motstandar av kris­ten­trua vart eg meir open, med ak­sept for detdei trud­de på.

Mø­tet med tru­an­de krist­ne re­du­ser­te imidlertid ik­kje tomheita i li­vet,så Rune vil­le vekk for å fin­ne luk­ka. Men cow­boy i Te­xas vart ik­kje sompå film. Hel­ler ik­kje job­ben som timeshareseljar på gres­ke øyar, el­ler tu­rentil Los An­ge­les, vart ein suk­sess

Braut sa­man

– Mine for­søk gav ik­kje det re­sul­tat eg søk­te og håpa. Eg søk­te iden­ti­tetog det fas­te punkt. Et­ter den­ne run­da fekk eg i 2003 ein men­tal knekk.Samanbrot.

Rune var langt nede og gjekk inn i ein pe­ri­o­de utan fram­tids­håp og derlivsgneisten bor­ti­mot var slok­na.

– 8. sep­tem­ber 2003 var min vers­te dag til då i li­vet. Eg mis­ta all ener­giog had­de tan­kar om at li­vet var over. Slutt. Tenk­te ik­kje på sjølv­mord,men eg klar­te ik­kje å ta eit ei­nas­te skritt. Framfor spegelen på ba­det,med lyf­ta blikk og hen­der sa eg: «Gud! Eg kan ik­kje leve li­vet mitt som eggjer no. Kom og ta over li­vet mitt. Eg er fer­dig!».

Fekk re­ak­sjon

Der­et­ter køyr­de Rune ein tur, og set­te på ein lovsong-CD som ein kom­piseigde. Ref­ren­get kom igjen. “Lift up your heads, open your hearts and let theKing of glory come in. And for­ever be your God».

– Med eit vart hei­le krop­pen varm, frå topp til tå. Hjer­tet pum­pa veldig,sei­er Rune og legg til:

– Hjer­tet mitt voks inne i meg! Eg fornemma svak, god elekt­ri­si­tet i hei­lekrop­pen. Eg gret som eg ald­ri har gre­te før i li­vet. På same tid som eg losom eg ald­ri har ledd. Så plut­se­leg rop­te eg au­to­ma­tisk «Hal­le­lu­ja!».

Drog langt vekk

Rune for­tel en­kelt om dra­ma­tisk for­and­ring.

– Ei kraft kom inni krop­pen min, eg kan ik­kje seie meir om det som skjed­de.Eg anar ik­kje kor len­ge det­te var­te. Eg vis­ste ber­re at Gud svar­te mibønn. Det var han som var kom­en til meg. Umid­del­bart vart det skapt eit nytthjer­te og ei ny ånd inni meg. Eg døyd­de den da­gen, og stod opp igjen. Eitnytt menneske.

For å mar­ke­re si nye ret­ning, alt lagt bak, reis­te han til ei lita øy iStil­le­ha­vet og tok eit kurs på ein bi­bel­sku­le i regi av Ung­dom i Opp­drag.

– Un­der det­te opphaldet vart eg kjend med Je­sus og meg sjølv. Halv­år­et iStil­le­ha­vet er den bes­te tida i li­vet mitt.

Pengar i luf­ta

Hei­me i Norge had­de han hund­re­tu­sen­vis i gjeld på ei leilegheit han had­dekjøpt. Måt­te han rei­se heim og ord­ne opp? I flei­re da­gar bad han på knetil Gud for det­te prob­le­met.Og det løys­te seg.

Sei­na­re gav han vekk dei få kon­tan­ta­ne han had­de til ei lo­kal menigheitmed be­hov på den ves­le øya.

– Full­sten­dig blakk stod eg. Ik­kje eit øre. For­ven­ta hel­ler in­gen pen­gar.På ei lang strand sat eg like et­ter ålei­ne. Takksam for å ha gje­ve pen­ga­nefekk eg ei god kjens­le. Noko kom frå luf­ta og lan­da på brys­tet. Ein50-dollarsetel. Eg for­stod ik­kje. Kring meg fanst in­gen folk. Er det slik dukan gje­re det, Gud?

– Til­fel­dig gjekk eg mot sku­len. «Gå i mot­sett ret­ning!», sa det inni meg.«Gå bort til den stei­nen! Sjå bak den stei­nen!». Når eg så ser et­ter, lågder ein 20-dollarsetel. Kven som vil kan bort­for­kla­re det­te. Eg ser ann­leispå det.

Fekk svar

Til­ba­ke i Norge bruk­te Rune tid på fin­ne ut kva han skul­le gje­re med sittnye liv. Han vil­le gå på sku­le for å lære meir om si nye tru. Han fekkkjennskap til Me­nig­hets­fa­kul­te­tet, og mel­de seg på grunn­fag der. Ve­nerspur­de om han skul­le ver­te prest.

Han var i sterk tvil om det, og spur­de Gud i bøn: «Vil du eg skal ver­te prestfor deg?».

- Straks kjen­de eg att den kraf­ta eg fekk den da­gen eg vart frelst, og opp­fat­taty­de­leg: «Ja, det vil eg».

Der­et­ter tok eg em­bets­ek­sa­men og var or­di­nert prest. Eg els­kar å for­tel­jefolk kva Je­sus har gjort for dei, at han els­kar dei, og at det er sant det­tesom vi fortel om frå Bi­be­len.

Rune i dag

No har 45-år­in­gen vore prest i Vågs­øy i over to år.

– Eg veit kva eg trur på, kva eg vil tru på. Eg kjen­ner Uni­ver­sets Ska­par.Som els­kar meg og all­tid vil els­ke meg.

Som prest kjem Rune inn ved høg­de­punk­ta så vel som dei tyngs­te stun­der ili­vet.

– Det er stort. Eg digger det og er takksam. Gravferd og bryl­laup er kor­tehendingar, met­ta med innhald. Der folk er av­hen­gig av meg. Men eg er like my­kjeprest i eit til­fel­dig møte med folk på gata el­ler i bu­tik­ken. Det er ogsåstort og vik­tig. El­les er eg både prest og Rune. Eg vil vere ein ka­me­ratfolk kan snak­ke med.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende