Interessa for å etablere eit Ung-lag er stor. Nær 20 harallereie meldt seg inn i redningsselskapet sitt ungdomslag i Måløy.

Før påske var det skipingsmøte, og alle som møtte oppmelde seg inn, fortel Jannicke Myrestrand i Måløy Sjøredningskorps.

Eit ung-lag er dermed så godt som stabla på beina. Ogved hovudbasen til redningsselskapet, som i fjor hadde trusselen med å bliflytta hengande over seg, er det no ny optimisme og fleire nye lag på trappene.

– Det er blitt eit utruleg bra miljø og her eraktivitet på huset omtrent kvar dag, smiler Myrestrand.

RS Ung Måløy

– Det var 14 stykke som møtte. Dei var fredag godt igang med å rekruttere fleire, så no er det kome opp i 18 stykke allereie. Dettelovar veldig bra, seier Myrestrand fornøgd.

– Vi bur ve kysten. Alle er på eit eller anna visvakse opp med båt og har eit forhold til sjøen. Det er eit interessefelt fordei fleste som bur her, seier ho.

Skal styre seg sjølve

Myrestrand skal vere rettleiar for ung-laget somelles skal styre seg heilt sjølve.

– Dei blir på eiga hand og får mykje ansvar. Dei skalfinne leiarar, velje økonomiansvarleg og får ansvar for båtar, seier ho ogfortset:

– Dei får ein startpakke med kva kompetanse dei kanbygge og kva dei vil gjere. Om dei vil ta båtførarprøven før sommaren tildømes, seier ho.

Over påske skal dei etablere eit styre.

Eigen båt

Båtførarprøven blir viktig, sidan ung-laget allereietil sommaren får eigen båt.

– Det blir ein liten med påhengsmotor, slik som RødeKors sin redningsbåt, seier Myrestrand.

Båten kan dei bruke å hjelpe folk som til dømes hargått tomme for diesel.

I tillegg får ungdommane mange kjekke tilbod.

– Det er turar med seglskute i Oslofjorden, kurs,masse båtkøyring, og dei kan bruke huset til pizzakveldar, seier Myrestrand.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende