Anne Karin Aalhus og Jan Sverre Grotlefekk seg litt av ei oppleving tysdag.

Dei jobba i fleire timar med å bergeein 3,5 meter lang kval som hadde fortumla seg inn på Grotlesanden i Bremanger.

Kvalen vart oppdaga rundt klokka 10.00tysdag føremiddag. Sjøen var i ferd med å fjøre, så dei to vassa ut i den kaldesjøen for å hjelpe kvalen.

- Densåg ut til å vere heilt frisk og i god form. Den var berre leiken, og såg uttil å like at vi strauk på den, fortel Aalhus til Fjordenes Tidende.

Jan Sverre klarte å få den utover medhandemakt nokre gonger, men den kom tilbake. Til slutt måtte dei hente båten,og då fekk dei slept den utover.

- Dentok nokre rundar rundt båten, som om han ville takke for leiken, før den stakktil havs, seier Aalhus.

- Formeg som kjem frå Jølster er dette alt anna enn kvardagskost. Dette var eiveldig spesiell oppleving, seier Aalhus.

For ikkje mange veker sidan køyrde ein kval seg fast på Seljesanden i Selje.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende