Seljevurderer å kjøpe huset der kommunen i dag leiger kontorlokale.

Selje kommune leiger i dag delar av bygget med SeljeEigedom. Aksjonær Magnar Drageseth har tilbode kommunen å kjøpe bygget for 28millionar kroner, ein pris framstilt munnleg, før det eventuelt blir lagt ut påden opne marknaden.

Verditaksten på bygget, frå juni 2012, ligg på 31millionar kroner. Saksutgreiinga frå administrasjonen viser at kommunen vilspare totalt 1,4 millionar kroner dei neste sju åra på å eige kontra å leigemed ein nedbetalingstid på 30 år.

Saka blei lenge diskutert i sist formannskapsmøte derpolitikarane gjekk for at forhandlingsutvalet, som består av ordførar, rådmannog eigedomssjef skal forhandle med Selje Eigedom om pris, som skal leggast framfor kommunestyret.

Gunn Sande (Sp)ønska å dra fram teikningane til nytt kommunehus frå 2004. Både Kenneth Brandal(H) og Svein Hansen (Frp) meinte at kommunen har allverda med tid og ønskaikkje forhaste seg inn i eit kjøp. Ottar Nygård peika på at ved ei eventuellkommunesamanslåing i framtida vil Selje kunne behalde arbeidsplassar lettareved å eige kommunehuset.

Les fleire nyhende i papirutgåva onsdag 23. april.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende