Kunstnarparet Kjell-Stig Amdam og Grethe Berge iSelje lar seg ikkje stoppe av tungrodd byråkrati.

– Det blir eplekakefor venner av huset, men vi kjem ikkje til å ta betalt for den, seierKjell-Stig Amdam i Atelier Amdam, Galleriet mot Storhavet i Selje.

Det var etter ei anonym bekymringsmelding til Mattilsynet på slutten avfjorårets sesong at det blei slutt på sal av eplekake som galleriet har blittkjend for. Galleriet fekk ikkje pålegg om serveringsforbod, men Amdam synestdet blei for mykje byråkrati.

– Dette med å gjere greie for innkjøpsrutinar og alt som skulle dokumenterast.Eg sa det då, og synest det framleis – det er tåpeleg. Vi har aldri vore einkafé, men eit kunstgalleri, og har aldri tent pengar på kake. Vi har gjort detfor å vere hyggelege og vere gjestfrie, seier Amdam.

Etter at saka blei kjent i Fjordenes Tidende i august, fekk den stor merksemdog blei også omtala i VG. Amdam fortel om ein telefonstorm utan like.

– Alle spør om eplekaka! Det er eit stort ønske, og så vellykka som det harvore fann eg ut, etter å ha tenkt meg om, at eg ikkje kan la meg stoppe avtungrodd byråkrati, seier kunstnaren.

Amdam meiner det handlar om det beste i norsk tradisjon, nemleg gjestfridom.

– Vi prøver å vere gjestfrie, opne døra og seie velkommen inn, sette overkaffikjelen og servere eplekake. Folk har reist langvegsfrå, seier kunstnaren.

– No blir det ikkje betaling, og ein treng ikkje vore venner av huset meir ennsju minutt. Det er ikkje restriksjonar på å ha kaffibesøk i Norge endå, seierhan og ler.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende