Det er fleire festivalar i Måløy i sommar, og difor er det no laga ei eiga festivalbrosjyre.

- Det er Helge Hjelle som hadde Idéen til å festivalbrosjyra, og det er han som har fått med seg Måløy Handelsforening på dette opplegget. Måløy Handelsforeining har igjen organisert det heile, og vi i Fjordenes Tidende som har laga brosjyren, seier Ståle Tennebø.

Her kan du sjå festivalbrosjyren

Han er marknadssjef i Fjordenes Tidende som har laga brosjyren. Handelsforeininga har fått med seg fleire lokale aktørar til å finansiere den.

Den gir informasjon om litt av det som skal skje på dei fire store festivalane som skal vere i sommar og til hausten.

Leiar i Måløy Handelsforeining, Bjørn Tungevåg og Tennebø seier det blir ein artig sommar med mykje som skal skje. Begge dei to gler seg til det som skal skje.

Det er Måløydagane som Måløy Handelsforeining arrangerer frå 27. til 29. juni.

Det er Havfiskefestivalen Måløy Havfiskeklubb arrangerer 1. til 3. august og det er Elvisfestivalen som ei gruppe Elvis-fans med Helge Hjelle i spissen arrangerer 14. til 16. august.

Skalldyrfestivalen skal vere laurdag 27. september.

Brosjyren blir sendt ut som vedlegg til Fjordenes Tidende si papiravis i dag, fredag 9. mai, pluss at den skal leggast ut på ulike stadar i distriktet.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende