Sist veke fortalde Fjordenes Tidende om eit ek­te­pa­r frå Da­vik som var ute og fis­ka 50–60 me­ter frå land ved byg­da En­dal då fleire pistolkuler kom su­san­de. Hendinga skjedde rundt klok­ka halv fem på ettermiddagen laur­dag 10. mai.

No ser det ut som at politiet har funne ut kven som fyrte av skota.

– Ja, vi ser på den saka som så godt som opp­klart, sei­er lens­mann Hans Rune Strand­os i Bre­man­ger.

Det vi­ser seg at ei grup­pe per­so­nar har hal­de på med øv­ings­sky­ting nede ved sjø­en.

– Dei har ik­kje pas­sa godt nok på bak­grun­nen i det hei­le tatt, og rett og slett ik­kje vore klar over at det låg ein båt med folk om bord ute på sjø­en.

– Det­te kun­ne vel ha enda my­kje ver­re?

– Sjølv­sagt. Det­te er heilt klart ufor­svar­leg om­gang med sky­te­vå­pen, og vi kjem til å opp­ret­te sak på det­te.

– Kva re­ak­sjo­nar kan dei ven­te seg?

– Til dø­mes hand­lar det om ret­ten til å ha sky­te­vå­pen, men kva re­ak­sjo­nar som er ak­tu­el­le veit vi ik­kje enno. Det er opp til po­li­ti­ju­ris­ten, sei­er Strand­os, som for­tel at per­so­na­ne har be­kla­ga hen­din­ga vel­dig.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende