Onsdag skal Sivilforsvaret ha ei større øving i Måløy for avdelingane i Eid og Vågsøy, opplyser Anne Catherine Fasmer Eide i Sivilforsvaret.

- Øvinga er basert på erfaringane vi gjorde under Lærdals-brannen, der vi etter ynskje frå brannsjefar i aktuelle kommunar brukar øvingar no i vår på synfaring. Sivilforsvaret er staten sin forsterkningsressurs for naudetatane og kommunar, og i sær er det brannvesen vi er bygd for å kunne støtte, med mykje og tungt utstyr for å levere vatn der det trengs, seier Eide.

- Eit suksesskriterium under Lærdals-brannen var at vi hadde gjennomført øvingar for avdelingar i indre Sogn i Lærdal tidlegare, to gonger i 2013. Mannskapa våre visste kvar dei hadde ei god vasskjelde, reiste rett dit med brannpumpe, hogg seg gjennom isen og leverte store mengder vatn til brannvesen, tankbilar/flyplassbil og eiga slokking på rekordtid. Våre tenesteplikte er ”mannen i gata”, heilt vanlege kvinner og menn som er pålagt tenesteplikt hjå oss, tilsvarande som i til dømes heimevernet. Etter grunnopplæring vert dei øvd nokre få dagar i året, seier Eide.

Ho fortel at under øvinga skal mannskapa gå rundt i grupper i Måløy sentrum, for å løyse utleverte oppgåver med ulike scenarier utarbeida etter ynskje frå varabrannsjef i Vågsøy, Kim Hjelle.

- I nokre av områda han har peika på som aktuelle for vår bistand om det verste nokon gong skulle skje. Poenget er å få tenkt gjennom ulike løysingar, og etter øvinga ha fått på plass ei god oversikt over eigna stader å plassere brannpumper med meir. Vi vil våge å påstå at dette er god erfaringslæring og beredskapsøving.

Rundt 35 tenestepliktige skal delta på øvinga, som vil finne stad på dagtid.