M/S Nybakk kasta denne veka loss i Måløy og la ut på eit spennande tre-vekers tokt vestover i Nordsjøen mot Hebridene, Orknøyane, Shetland og Skottland.

Og den gamle linebåten reiser mellom anna i Selja sitt ærend.

M/S Nybakk er allereie ambassadør for Gulating - tusenårsstaden for Sogn og Fjordane, og skal derfor innom fleire ting- og vikingstader. I år markerer dei også Grunnlovsjubileet med fleire stopp. Men mest spennande synest Per Kåre Nybakk det er at dei skal besøke Iona på Hebridene.

– Ifølgje sagnet kom jo St. Sunniva hit før ho kom til Selja, fortel Nybakk.

Med seg til Iona har Nybakk eit brev frå Selje kommune og eit bilde av Selje kloster.

– Vi har sett av to dagar i Iona, og det vi håpar å få til der er å skaffe ein internasjonal partnar til Selja. Eg ser det som uhyre viktig for både Selje og heile regionen her at vi får etablert Selja som eit kystpilegrimsenter, seier ein optimistisk Nybakk.

Den gamle autolinebåten var stad for boksleppet til Selja forlag, og Nybakk meiner slike kystbøker er viktige.

– Vi er nøydde å løfte kysten saman, og det finst ikkje betre måte enn dette, seier han.

I kulturfiskebåten M/S Nybakk er det også laga til ei felles utstilling med fokus på kysten, og kysthistoria, som blir med på turen vestover.