Asbjørn Tue på Åheim, som mista hytta si på Maurstadeidet i brann måndag, kveld forstår at han som kan ha forårsaka brannen er lei seg.

- Eg har ikkje noko grunn til å tru noko anna enn at dette var eit hendeleg uhell. Eitt uhell som kunne ha skjedd med kven det kunne vere, seier Tue til Fjordenes Tidende.

Han seier det var ein svært så audmjuk lensmann som måndag kveld kom på døra heim til han for å fortelje kva som hadde skjedd, og at hytta hadde brunne ned.

- Han var oppriktig lei seg, og beklaga det heile overfor meg. Og eg tykkjer verkeleg synd på han. Sjølv om han har lov å vere ein privatperson, så er han også ein offentleg tenestemann som gjer at det blir ekstra stor merksemd rundt ei slik sak, seier Tue.

Tue legg ikkje skjul på at det knyter seg mange minner til hytta som no har brunne ned, og at det kom som eit sjokk på han at den var jamna med jorda.

- Det er sikkert ting som kunne vore gjort annleis. Men like fullt så vil ikkje eg ha noko støy eller styr rundt denne saka.

- Eg trur han som gjorde det har det vondt, og eg tykkjer synd på han, seier Tue.

Det var regionlensmann i Nordfjor, Tormod Hvattum som hadde fått lov å brenne ned ei falleferdig hytte måndag kveld. Gneistar frå brannen resulterte i at ei hytte som låg nokre titals meter ifrå tok fyr, og brann heilt opp.