Myklebust grunneigarlag i Ålfoten blei høyrt i Gulating lagmannsrett. Retten  konkluderer med at Statnett ikkje får legge linja på eigedommane deira slik dei har planlagt.

Grunneigarlaget har kjempa med nebb og klør for å få krafltina vekk frå Myklebustdalen i Ålfoten der dei meiner den gjer uboteleg skade. Myklebust grunneigarlag har heile tida hevda at Olje- og energidepartementet har teke avgjerda om å flytte linja frå Førdedalen, NVE sitt forslag til trasé, på feil grunnlag.

Departementet seier dei har lagt vekt på mest muleg samlokalisering av linjer, men har likevel vald ei linje der samlokaliseringsgraden er låg.

Fjordane Tingrett dømde i Statnett sin favør, og ga dei rett til å gå inn på eigedommane til grunneigarene og starte arbeidet.

No har Gulating lagmannsrett konkludert med det motsette i ankesaka. Dei gir grunneigarlaget medhald i sin argumentasjon, og Statnett får ikkje tiltrede til eigedommane.

Statnett må også betale saksomkostingar for grunneigarlaget, både for namnsmannen, ringretten og lagmannsretten, på 553.683 kroner.