Pilegrimsvandring:

Pilegrimsvandring: "Padlepilegrimen" Lars Verket padlar og går frå Tønsberg til Trondheim. Då han kom til Bremanger sist veke, tok han også turen opp på Hornelen. Bildet er henta frå bloggen til Lars Verket.

Padlepilegrimen tok beina fatt

Då "padlepilegrimen" Lars Verket kom til Bremanger, tok han turen opp på Hornelen.

- Hornelen har eg aldri vore på og det var heilt utruleg, seier den 45 år gamle eventyraren og forfattaren som bur i Kristiansand.

Han padlar og går frå Tønsberg til Trondheim og er no i Selje der han planlegg å vere til neste veke.

– Eg starta i Tønsberg 11. april og skal vere i Nidaros 28. juli. No er eg i Selje og skal vere her over helga for å få med meg pilegrimsvandring og Seljumannamessa søndag. Eg skal også på messa på Selja tysdag. Så dreg eg vidare. No er det føta som blir framkomstmiddelet, i lag med offentleg transport.

Planen var å padle heile vegen til Nidaros.

– Det er eit forsøk på å gå og padle opp igjen dei gamle ferdselsvegane til Nidaros. I gamle dagar var det havet dei brukte. Planen var å padle heile vegen, men grunna ryggproblem ligg kajakken igjen i Florø og så har eg gått derifrå, fortel han.

Verket er også den første pilegrimen som har gått Sunnivaleia, frå Kinn ti Selja, åleine.

– Kinnaspelet var fantastisk og Kinn var veldig spesiell. Og då eg kom til Selja var det også fantastisk, seier Verket om høgdepunkta i regionen.

Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå