Den nye bu­tik­ken «Ymse og litt av kvart» på Leik­an­ger hå­per at det kjem man­ge inn­om på Korsadagen.

– Ja, vi ven­tar at det kan­skje kjem ein del folk, sei­er Mats-Ole Skår­bø San­de (18), som har som­mar­jobb på den nye bu­tik­ken på Stad­lan­det.

Det skal vere un­der­hald­ning frå pa­vil­jon­gen, sal av mat og lyk­ke­hjul. Det kan nok gje­re det litt liv­leg fram­for bu­tik­ken på ein fin som­mar­dag.

I alle fall er bu­tik­ken full av ymse og litt av kvart.

Når Gunn San­de pre­sen­te­rer va­re­ne i bu­tik­ken får ein opp­le­ve ei kram­bu med alt frå sjo­ko­la­de i spissposar og eit ut­val va­rer frå Fel­les­kjø­pet til mo­tor­ol­je og Angry Birds-ter­mo­sar.

– Kan­skje er vi dei ei­nas­te på Leik­an­ger som har livvestar, sei­er ho.

Mats-Ole kan vise fram kystgeitskinn frå dei­ra ei­gen gard, medan mora Gunn har sig­nert flei­re av su­ve­ni­ra­ne og sjølv rosemålt flei­re ting. Men også and­re lo­ka­le kunst­hand­ver­ka­rar er rep­re­sen­ter­te.

Bu­tik­ken har ein sofa til å set­te seg ned på og i ut­stil­lings­vin­dau­ga står det gam­le ting heilt til­ba­ke frå 1831. Mel­lom anna kan ein sjå ei petromax lykt.