Ein mann frå Nordfjord er i Fjordane tingrett dømt til 14 dagar betinga fengsel og 100.000 kroner i bot for å køyrt i rusa tilstand.

Mannen mister også førarkortet for i 14 månader, og må avlegge heilt ny førarprøve om han vil ha dette tilbake.

Det var i tidlegare i år at mannen sette seg bak rattet i bilen om morgonen trass i at han drukke alkohol kvelden før.

Blodprøva som vart teken etter han blåste raudt viste ei promille på 0,68.

Retten finn det formildande at mannen har erkjent hendinga, og gir sikta ein strafferabatt på 2-3 dagar i forhold til ramma på 16-17 dagar i fengsel.

Vedkommande får derimot ikkje tilståelsesrabatt ved utmåling av bota.

Påtalemyndigheitene ønskte også at mannen skulle miste sertifikatet i 15 månader, men retten finn at 14 månader er nok etter å ha høyrt sikta si forklaring.