Ord­fø­rar Al­fred Bjør­lo i Eid er mek­tig ir­ri­tert over at veg­ve­se­net med ei om­skil­ting har fjer­na Vol­da-Eid over Sti­ge­da­len frå kar­tet.

No vi­ser det seg at Sta­tens veg­ve­sen har fjer­na den gam­le E39-skil­tin­ga ved fer­je­ka­ia i Vol­da. I same slen­gen har dei sett kryss over eit kvitt «651»-skilt. Ve­gen Vol­da- Fol­ke­stad og vi­da­re til Nord­fjord er der­med ra­dert bort med eit di­gert kryss. Der­med er det ik­kje lett å vere tu­rist og for­stå kva veg ein skal køy­re.

Sa­man med ord­fø­rar­kol­le­ga Arild Iver­sen i Vol­da har Bjør­lo skri­ve brev til Sta­tens veg­ve­sen i Re­gi­on Vest og Re­gi­on Midt. Kra­vet dei­ra er at det straks vert ret­ta opp i skil­tin­ga i tråd med Sam­ferds­le­de­par­te­men­tet sine sig­nal.

Ons­dag send­te ein frust­rert Bjør­lo nytt brev til veg­ve­se­net

– Dei ser ik­kje prob­le­met, noko eg re­a­ge­rer sterkt på. Sam­ferds­le­mi­nis­te­ren har klart sagt at strek­nin­ga Vol­da-Eid over Sti­ge­da­len skal vere al­ter­na­tiv E39. Då er det gans­ke ille at skil­tin­ga vert tatt vekk. Det­te er ein veg som er 42 ki­lo­me­ter kor­ta­re enn om ein må køy­re via Kvivs­ve­gen, pre­si­se­rer han.

Tys­dag had­de ord­fø­ra­ra­ne møte med sam­ferds­le­mi­nis­ter Ke­til Sol­vik-Ol­sen om 20-minuttsavgangar på Anda-Lote. Om­skil­tin­ga i Vol­da vart også tatt opp.

– Stats­rå­den ka­rak­te­ri­ser­te om­skil­tin­ga som ei «mis­for­stå­ing», som skul­le ret­tast opp sna­rast råd, sei­er Bjør­lo.

Les heile saka i vår papirutgåve fredag 11. juli.