Prosjektet "Sau i pluss" er inne i sitt andre år og har hatt mykje aktivitet. Målet med prosjektet er å stoppe nedgangen i sauetallet i Sogn og Fjordane og stabilisere det på over 75.000 sau.

Fylkesmannen forklarer at mange bønder er interessert i utbygging eller ombygging av eksisterande fjøs. For å syne tekniske løysningar er det bygd to visningsfjøs, eit på Nordfjordeid og eit i Kandal og fleire er under planlegging.

Prosjektet har fått god respons hos etablerte sauebønder, men også hos potensielt nye sauebønder. Til saman i 2013 er det 30 bønder som har vore i kontakt med Fylkesmannen og ynskjer hjelp i prosessen til å byggje nytt eller ombygging av eksisterande fjøs.

Det er viktig å ha visningsfjøs med ulike tekniske løysningar. I 2013 var pilotfjøs 1 godt i gang og pilotfjøs nr. 2 vart opna i mars 2014.