– Det er rett og slett hærverk, seier Kenneth Svoren, som fekk båten tilgrisa med fiskefeitt i båthamna på Ivahavet.

– Fortøyinga er det berre å kaste. Den er umogleg å få rein. Det ligg mange dyre båtar her, og det er ein stor kostnad å ha båt i seg sjølv. Det vil ta fleire timar å få dei reine att, fortel han.

Han hadde akkurat kome heim frå båtferie og parkert båten sin. Då han kom att to dagar seinare, var heile hamna, båtane som låg der og fortøyingane tilgrisa med fiskefeitt.

– Lukta var grufull. Eg har sett dette før, men aldri så gale som det har vore no, fortel Svoren, som har hatt båt ved hamna i 15 år.

Fiskefeitt som kjem drivande inn til båthamna har også tidlegare år vore eit problem. Han fortel at dei kjenner til folk som tidlegare har ringt både hamnevesen og politi, utan at det har stoppa utsleppa. Svoren håpar at nokon blir stilt til ansvar.

– Slike ting som dette er reint slurv. Fiskeindustrien har tankar som er meint for slikt avfall, så det er ingen grunn til at det skal flyte ut i sjøen som det har gjort.

Les heile saken i vår papirutgave fredag 18. juli for å finne ut hva politiet og Nordfjord Havn mener om saken.