Når barnehagen i Kjølsdalen startar opp etter ferien er han blitt ein montessoribarnehage.

Den 28. juli opnar Kjølsdalen Montessoribarnehage dørene i bygget ved sidan av Kjølsdalen Montessoriskule, som opna i august i fjor.

– Barnehagen er blitt motivert til å gå over til montessoriprinsippa, og vi får to einingar med tilbod til barn frå 0 til 13 år, seier rektor Thomas Hals.

– Dei tilsette ved den tidlegare Kjølsdalen barnehage held fram med Marit Støyle som styrar.

Skule og barnehage kjem til å samarbeide meir både når det gjeld bruk av materiell og skuleområde.

– Det blir spennande å sjå korleis vi får dette til å gli, seier Thomas Hals.

Sju av dei tilsette i skule og barnehage har vore 10 dagar på sommarworkshop som ein del av utdanninga i montessoripedagogikk, som alle etter kvart skal ha.

Thomas Hals seier at barnehagen vil vere viktig for den jamne rekrutteringa til skulen i Kjølsdalen. Dessutan vil det bli lettare for barn å utnytte alle sider ved pedagogikken når dei startar tidleg. Det blir fleire små barn i barnehagen i år, og det gjer at det også for skulen ser bra ut når det gjeld rekruttering framover.

Les heile saken og sjekk hvordan rektor Thomas Hals har opplevd det første året med montessoriskule i Kjølsdalen i vår papirutgave fredag 18. juli.