- Vi har aldri vore nærmare ei perfekt festivaloppleving, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal i ei pressemelding søndag.

Artistane serverte musikalske høgdepunkt på rekke og rad, publikum strålte og vêret viste seg frå si beste side. Vel 22.000 publikummarar besøkte rockefestivalen på Nordfjordeid i helga.

Då Dropkick Murphys avslutta laurdagskvelden nådde festivalstemninga nye høgder på den gamle eksersisplassen på Nordfjordeid.

- Stemninga har vore ekstremt god heilt sidan vi starta og det meste har fungert som planlagt, seier festivalsjefen. Med god musikk, lite køar, strålande publikum og ikkje minst festivalver på det aller aller beste,er det ikkje så rart at festivalstemninga er god.

For dei som sov på campen vart det til tider litt varmt i sola, så svært mange nytta høvet til ein dukkert i elva eller fjorden i løpet av laurdagen.

Ynder Ylvis-konserten laurdag var det samla nær 12.000 på festivalområdet. Dei var i alle aldrar, og storkoste seg under heile konserten.

- Det har aldri vore så mange ungar på festivalen før, seier Naustdal. Malakoff Rockfestival ønskjer å vere ein festival for alle aldersgrupper, og festivalsjefen er sikker på at alle fann noko dei likte i løpet av helga.

Det var tydeleg at publikum likte det dei fekk presentert. Både publikumsfavorittane som Karpe Dien og Ylvis og meir ukjende band som Vintage Trouble begeistra mange.

Malakoff Rockfestival har utvikla seg til å bli eit stort arrangemnet som trekke publikum frå heile landet. Det har alltid vore summen av artistane, området, publikum og dei frivillige som har gitt Malakoff-stemninga.

- Totalopplevinga har vore den beste nokon sinne og der er det som er den gode Malakoff-opplevinga, seier Naustdal.

Han lovar å jobbe for å skape minst like gode opplevingar neste år og ønskjer det fantastiske publikummet velkomen tilbake.