Skambankt-vokalisten, som ramla av festivalscena på Malakoff Rockfestival og rett i hovudet på Fjordenes Tidende sin journalist, beklaga det heile.

Å få ein vokalist ramlande i hovudet er sjeldan kost. Når det attpåtil er ein frå gruppa Skambankt så er det vel rett å seie: skambanka på festival.

Kutt i augebrynet og naseblod vart resultatet, og dermed ein tur til Røde Kors-teltet og legevakta for journalist Ingebjørg N. Stokkenes.

I ei tekstmelding til Stokkenes etter episoden beklagar vokalist Terje Winterstø Røthing hendinga.

«Vil beklage uhellet som skjedde og lurer på korleis det går med deg. Hørte du måtte til legevakten. Det som utløyste fallet var at eg sklei på en laus kabel på scenekanten. Pinleg og vondt, men det dummaste var å sjå at du måtte bli ført frå området etter at eg sannsynlegvis dunket deg med gitaren. Beklagar igjen. Håper det går bra med deg. Dersom det er en trøst, så slo eg meg godt sjølv. Ikkje veldig behageleg å sitje på en skamslått stump i åtte timer til Slottsfjellfestivalen», skreiv Røthing til Stokkenes etter episoden.

Røde Kors hadde elles ei roleg helg på festivalområdet.

– Det var ingen store greier, men vi har hatt nokre kutt. Legevakta har fått berre nokre få besøk, seier Unni Kirivanta, vaktleiar i Røde Kors til Fjordenes Tidende sin småskada journalist, Ingebjørg N. Stokkenes.

Les elles reportasje frå Malakoff Rockfestival i papiravisa måndag 21. juli.