Rv 15 over Strynefjellet var tysdag kveld stengd i tre timar etter at ein semitrailer på veg vestover hamna utfor vegen og velta.

Ulukka skjedde like aust for Grotli.

I følgje Fjordingen så var det store materielle skadar, og sjåføren sat fastklemd i vraket i to timar.

Han vart send til sjukehus i Ålesund. Klokka 22.00 var skadeomfanget ukjend.

Det var ikkje andre bilar involverte i ulukka.

Eit vitne til ulukka seier semitraileren kom utfor vegen før den skar over vegen.

Klokka 22.00 tysdag kveld var eit køyrefelt opna, og trafikken vart dirigert forbi ulukkesstaden.