Politiet i Sogn og Fjordane går no ut med ein generell info til alle båteigarar i fylket om å vere ekstra merksame på båtane sine.

Politiet har fått informasjon om at det er observert køyretøy i distriktet der personar har vist interesse for båthamner, skriv politiet i ei pressemelding.

Det er så langt ikkje meldt om at noko er stole.